Superrente på bustadlån?

by Tore Syvert Haga in


nrklogo.jpg

NRK Nyhetsmorgen hadde tysdag 9. juli eit stort oppslag om at stadig fleire får låge renter på bustadlån gjennom å ta opp lån i Husbanken eller Statens Pensjonskasse. Vinklinga å oppslaget var at private bankar opplevde ein urettvis konkurranse.

Oppslaget til NRK er interessant, fordi det påpeiker at medan statsrentene går ned, går dei private rentene opp. Samstundes er oppslaget misvisande. Dei sausar saman ein del ting som ikkje heng saman, nemleg staten sin arbeidsgjevarpolitikk, målretta sosial bustadpolitikk og dei generelle vilkåra for bankane. 

At statstilsette kan låna billig i SPK er eit framforhandla gode, ein del av staten sin arbeidsgjevarpolitikk. Det er ikkje ein del av statleg bustadpolitikk. Dette er eit "frynsegode" statstilsette har forhandla fram, på line med "frynsegoder" som i varierande grad finst i ulike private bedrifter. Ein del (ressursterke) bedrifter tilbyr tilsvarande ordningar. Det må òg sjåast i samanheng med lønsnivået. Statleg sektor er ikkje akkurat kjent for å vera lønsleiande, men har betre ordningar på andre område. 

Vidare framstilte oppslaget til NRK det som om (dei private) bankane opplevde ein kvass konkurranse med Husbanken om lånekundar. Faktum er at Startlån skal vera målretta mot husstandar som ikkje har inntekt eller formue nok til å få stort nok lån til å kjøpa ein grei bustad. Departementet har nyleg presisert dette ovanfor ein del kommunar som hadde utvikla ein litt laussluppen praksis. Staten har ikkje noko ynskje om å konkurrera med private bankar. Når Husbankrentene stort sett er lågare enn rentene i private bankar er det fordi staten har låge innlånsrenter, og har eit ynskje om at dei vanskelegstilte lånetakarane skal kunne handtera lånet.

Neste gong NRK skal laga "skandaleoppslag" om kor vanskeleg og fælt det er å driva privat bank i konkurranse med Staten, burde dei sjekka kjeldene sine litt betre. Lag gjerne kritiske oppslag om staten sin bustadpolitikk, men sjølv om det er sommarferie og få på jobb i redaksjonen bør dei ta seg tid til å setta seg litt meir inn i sakene enn oppslaget på tysdag kunne tyda på.