NM i mikrofonstativering

by Tore Syvert Haga


Når banknæringa og byggenæringa fremmar eigne særinteresser, under dekke av å jobba for ein sosial bustadpolitikk, stiller TV2 ingen kritiske spørsmål.

Bankane sine sjefsøkonomar blir veldig ofte brukt som ”sanningsvitner” for at det eine eller det andre bustadpolitiske grepet er fornuftig. I eit oppslag 1. oktober intervjuar Tv2 Magne Gundersen frå Sparebank 1. Han uttalar, ikkje overraskande, at han håpar at den blåblå regjeringa aukar BSU-subsidiene og svekkar eigenkapitalkravet ved bustadkjøp.

Kvar gong ein journalist intervjuar ein forbrukarøkonom frå ein bank i eit bustadpolitisk spørsmål, burde dei i tillegg intervjua ein økonom frå ein forskings –eller utdanningsinstitusjon. Ikkje fordi dei er betre økonomar, men fordi dei jobbar på vegne av nokon andre. Bankane sine økonomar jobbar for å ta vare på bankane sine interesse. Det er ikkje skittent eller umoralsk, det er naturleg og rasjonelt. Men journalistar, politikarar og alle andre må hugsa på kven bankøkonomane snakkar på vegne av. I denne saka er det i bankane sine (kortsiktige) interesser å stiumlera etterspurnaden i bustadmarkanden meir, sånn at folk får større bustadlån og betalar meir gebyr og renter til bankane. Finanstilsynets krav om 15% eigenkapital står i motstrid til dette, fordi det gjer det vanskelegare å få uforsvarleg store lån.

Tv2 nøyer seg ikkje med å intervjua Magne Gundersen frå banken Sparebank 1. For å balansera det heile intervjuar dei òg Terje Halvorsen frå banken DNB Nor. Han seier, sjokkerande nok, at ” bankene selv er i stand til å vurdere egenkapitalkravet.” Tenk det – nokon som blir styrt av offentlege reglar som meiner at dei sjølve heller burde ha fått bestemma. Det er sikkert mange sjåførar som synst at dei sjølve kan vurdera kor fort det er forsvarleg å køyra òg. Men journalisten stiller ingen kritiske spørsmål…

Som om ikkje det var nok blir OBOS sin konsernsjef, den dyktige Martin Mæland, intervjua. Han håpar at regjeringa vil letta på kvalitetskrava til nye bustadar, for å gjera det lettare og billigare å bygga nytt. (At prisen på nye bustadar i fyljer byggekostnadane, men samspelet mellom tilbod og etterpurnad, nemner han ikkje). På line med bankane har byggenæringa sine legitime interesser å forsvara i bustadpolitikken: Dei ynskjer å bygga så mange bustadar som muleg til ein så høg salspris som muleg. Å stimulera etterspurnaden gjennom fleire og større lån, utan eigenkapital, er heilt i tråd med dette.

Det er eit stort sakn i norsk bustadpolitisk debatt at alle dei viktigaste kjeldene utanom dei politiske partia (bankane, Prognosesenteret (eigd av byggenæringa) og sjølve byggenæringa) har eigne interesser, som ofte står i direkte motstrid til interessene til folk som slit på bustadmarknaden. Og det er eit sakn at mange journalsitar gløymer elementær kjeldekritikk i sakar om dette feltet.